Freden, fedralandet og forsvaret

Skrive av Professor Nikolaus Gjelsvik i Norsk Soldatbok som kom ut i 1921.

Den rette træleæra:

Hjå eit fritt og sjølvstendigt folk er fedralandshug og nationalkjensle ei stor dygd.
Hjå eit underkua folk derimot den største udygd og det største lytet.
Ein mann, som hev dette lytet, vert rekna for ein låk kar og er lite velsedd hjå dei styrande,
kor mykje godt han so gjer.

Men den, som sputtar på sitt eige folk og på det, som høyrer folket til, 
han vert velsedd hjå framandherrane.
Den mannen kan dei bruka.

På den måten dreg framandstyret fram dei låke element hjå folket, og held dei gode nede, 
og folket vert lett demoralisera.

Ja til sist kann folket søkkja so langt ned, at det er byrgt av, at dei gjer store ting for herrefolket, 
ja byrgt av, at dei hjelper til med å halda seg sjølv i trældom.
Og når herrefolket då kjem med ros - og i slike høve sparar dei ikkje på den - er tenarfolket reint byrgt.
Det er den rette træleæra.

"Når hesten er byrg av, at det er han, som dreg lasset, so viser det berre at han er hest".
 
**************************

I Innleiinga til Prof. Gjelsvik sin artikkel om Freden, Fedralandet og forsvaret tek han med eit vers frå Garborgs Haugtussa:

 "Greide menn med det faste mod
eg kann slett ikkje lika
eg legg dei vanhug i valne blod
og lærer dei å svika".

Kommentarer